

Om oss
Duoen WestKup blei etablert på slutten av 1990-tallet, av to utruleg talentfulle og erfarne musikerar;
Else Iren Westervik og Boris Kuprijanov,
som er vokalist og pianist i særklasse.
Else og Boris har i ei årrekkje fortrylla publikum i alle sjangrar. Dei opererar i svært mange ulike stilarter, alt frå salmer og gospel til viser, pop, jazz, funk og blues. Om du lurar på om Else og Boris taklar utfordringa, kan du berre ta det helit med ro...
Den harmoniske duoen opptrer i gravferdar, bryllup, julebord, julekonsertar og slutta lag, og har jevnlege oppdrag for kyrkja - både i Noreg og internasjonalt.
Else Iren Westervik
Else er verkeleg Something Else, og trivs med musikk innanfor ei rekkje sjangrar. Med sin særegne musikalitet og allsidige stemme, er ingen utfordringar for stor eller for liten.
Allereie i 4-årsalderen visste ho at det var songer ho ville bli. Men ta det med ro, gullstrupen med sans for liv og dybde i musikken har 5 års høgskoleutdanning innan musikk, drama, kunst og håndverk, og videreutdanning med musikkterapi, og kan sånn sett nesten utføra mirakler.
Else har dei siste 22 åra undervist i song i tillegg til å ha fungert som musikklærar, musikkterapeut og dramalærar.
Ho har sunge 12 år i storband, er vokalist i Jazzmin (melodisk jazz) og bandet Something Else (gospel og rytmisk musikk) og har dirigert barnekor, koret Oster og Osterklang.


Boris Kuprijanov har høg musikkutdanning frå Leningradakademiet med hovedvekt på trombone, piano og direksjon.
Boris kom til Noreg i slutten av 1991. Han lærte seg fort å traktere orgelet, og blei organist i Osterfjorden. Han er i dag fast organist i Masfjorden og Mo.
Det viste seg at Boris vart eit naturtalent på piano, særskilt innan rytmisk musikk. Han briljerar på alt fra flygel til trombone, og meistrar ei rekkje instrument.
I tillegg til å være ein dyktig pianist, er Boris lidenskapeleg opptatt av arrangering, og tryller fram dei utrulegaste arrangement. Når krava til velklingande tonar står i høgsetet, er det Boris som får jobben med å utarbeide harmoniske og velklingande arrangement.
Boris er pianist og trombonist i Jazzmin (melodisk jazz) og Something Else (gospel og rytmisk musikk). Han har også spilt 12 år i storband.
Boris er ein dyktig kordirigent, og dirigerar flinke Brekke Mannskor på 25. året. Han har også dirigert Osterklang.
Boris Kuprijanov
Else og Boris traff kvarandre gjennom musikken, og danna WestKup etter å ha fått fleire henvendingar frå ulik hald, og oppdaga at dei utfylde kvarandre musikalsk.
Sidan har det gått slag i slag.
Else + Boris = WestKup
